Intervju med Solrun Toft Iversen - Det Vestnorske Teateret

Solrun Toft Iversen er teatersjef ved Det Vestnorske Teateret i Logen. Hun mener vi løser det meste med å være rause og tilgi hverandre om vi snublar litt, ingen er verdensmestre i disse dagar. Les mer om hvordan det står til med teateret i dette intervjuet med Solrun.

Teatersjef Solrun Toft Iversen

Teatersjef Solrun Toft Iversen

Hvordan står det til med teateret? 

Det Vestnorske Teateret er nok litt i sorg enno. Vi saknar publikum – ikkje berre for varmen i stova vår sin del. Vi saknar nok noko så basalt som opplevinga av meining med det vi gjer.  Men i sorga prøver vi å skape trass alt. Både for notid og for framtid. Vi er jo eit teater som har vore i sterk omstilling og vekst dei siste åra. Det gjer at vi både er sårbare men også tåler ein del turbulens og kan fote oss i det uavklarte.

Hvilke utfordringer har dere støtt på, og hvordan har dere løst disse?

Den største utfordringa vår er økonomisk sårbarheit. Vi har ekspandert verksemda vår og repertoarvolumet vårt slik at vi ikkje står godt i ly av dei offentlege løyvingane. Så snart publikum uteblei vart det framtidige repertoaret vårt satt i fare. Økonomien vår vart svært trua med det same. Dette har vi løyst ved å gå i dvale ei tid og spara det vi kan. Det medfører mellom anna noko permitteringar ein periode. Vi har også hatt hell med å oppmode publikum til å velge gåvekort eller donasjon framfor refusjon og på den måten avgrensa tapet.

Eg opplever også at det har vore ei stor utfordring å halde kreative prosessar i gong og samstundes ta vare på smittevern. Vi har tilrettelagt arbeidsplassane på Logen og elles lagt opp til at vi greier mest mogeleg digitalt. Men ærleg talt; det er ikkje det same som å jobbe i lag i samme rom…. På DVT har vi forsøkt å legge til rette for at dei som verkeleg treng å møtast for å kunne jobbe meiningsfullt i lag difor kan det. Vi brukar mykje ressursar på å trygge arbeidsmiljøet og utvikle smittevernsrutiner. Elles vil eg sei at utfordringane er nye kvar dag og den største er mangelen på stabile tidshorisontar. Elles er vi einige om at vi løyser det meste med å være rause og tilgje kvarandre om vi snublar litt. Ingen er verdsmeistarar i desse dagar. 

På hvilken måte blir kunsten utfordret av korona? 

Fråfall av publikum er på mange måtar lik med eit yrkesforbod for oss. Utan det levande møtet er premisset for teaterkunsten borte. Det er ein kolossal utfordring å ikkje kunne vere i same rom. Mange prosessar vert ubarmhjartig avbrotne og kjem ikkje til å sluttførast. Utsagn og forteljingar stilnar. Andre prosjekt finn nye vegar. Dei finn andre måtar å søke gjenklang og kontaktflater på. Dei finn nye formar å uttrykke kva dei har på hjarta. Det kan kanskje flytte det vekk frå sjølve essensen i teaterkunsten men likevel vere tufta på arbeidet gjort innanfor kunsten og med åsiktene sine intakt. Det kan komme godt kunst ut av det.

Eg meinar også at det ikkje er berre kunstopplevinga sitt vesen som er blokkert av arrangementsforbodet. Arbeidsprosessane våre er også enormt prega av det. Vi har valgt å halde fram med det kunstnarlege arbeidet men vi baksar jo litt med det.  Det er ikkje berre avgrensa av at vi ikkje kan treffast og jobbe i lag. Vi er også nødt til å jobbe med eit utal alternative scenario for format og tidshorisont. Det er sanneleg ikkje lett å levere ein kunstnarleg framdrift under dei tilhøva og eg hyllar våre engasjerte at dei står i det. Det blir litt av nokre premieretalar etter denne tida.

Når det gjeld den skrivande verksemda finn vi nye måtar å jobbe på som eit resultat av at fleire er isolerte. Fleire prosjekt vil bli utvikla i etappar og prosessen kan faktisk bli meir open av at ein ikkje kjenner alle steg i progresjon og produksjon. På teateret er mykje av det vi gjer ekstremt målretta etter levering og presentasjon. Vi er veldig dreven av det. Men nett no blir eg som kunstnarleg leiar utfordra av at eg ikkje veit så mykje framover. Samstundes kjenner eg at vi må legge øyra inn til den pulsen vi står i no. I samtida. Difor set eg i gong skriveprosessar som eg ikkje veit kor skal ende. Det er ikkje lett å prioritere ressurser til det, men eg trur vi må gjere det likevel. På grunn av samfunnsoppgåva vår. Vi må lage noko. For notid og for ettertid.   

Hvordan har oppslutningen om «Saman kvar for oss» vært? 

«Saman kvar for oss» er eit resultat av vår umiddelbare ryggmargsrefleks då vi måtte stenge. Fire dagar etter var flata oppe og gå. Variasjonen er stor med tanke på kor forseggjort eller heimelaga innslaga er. For oss var  – og er - kontaktflata med samfunnet det sentrale i prosjektet. Eg har kalla postane «karantenebrev» og i starten så var dei nettopp det. Kanskje ei sorgbearbeiding frå oss som var sendt heim frå jobb, kanskje eit uttrykk for at vi framleis ville vere der for publikum. Eit ønske om framleis å kunne tilby  noko jobb til dei frilansarane vi samarbeider med. Oppslutninga har vore variert. For kjernepublikummet vårt sin del veit vi at dei opplever ein intakt dialog med teateret. For kunstnarane sin del ein velkommen flate dei har stilt seg enormt positive til. Når det gjeld publikumsåtferda ute i eteren elles har det svinga veldig frå mange delingar til mindre respons.  Starten var mest entusiastisk. Vi har enno masse å lære om korleis digitale scener skal etablerast og forvaltast. Og eg synes det er ok. Det er eit sunnhetsteikn at ein prøver seg i ukjent farvatn når vegane vi kjenner vert stengde. Det skal ikkje forvekslast med ei erstatning for teaterrepertoaret vårt. Det jobbar vi heilt annleis med. Men det er unntakstider og det fordrar at vi tenker nytt. Forsøker å halde nokre bluss gåande.   

Hvordan opplever de ansatte det som skjer? 

Eg trur dei fleste av dei tilsette hadde ei oppleving av å vere i enorm fart då vi fekk denne bråstoppen. Akselerasjon på godt og vondt. Vi har lenge utfordra makskapasiteten vår og det gjer at dei tilsette på DVT er veldig «på» for å seie det mildt. Det er ein slags blanding av sigersrus og angstadrenalin. Eg trur eg snakkar for alle når eg seier at dei var veldig lei seg for å få avlyst prosjekt vi er stolte over og vi hadde gleda oss til å vise. Det kjentes tomt. Samstundes var mange raske på banen med kva vi kunne nytte tida til. Oppgåver vi elles ikkje rekk over som handlar om å kalibrere rutiner, kompetanse og lokaler til den veldig ekspanderte drifta vår. Eg trur mange av dei tilsette gjerne skulle sett at vi heilt unngjekk permitteringar og fekk nytta dvalen til å innhente tiltrengt terreng der. Det blir jo som når ein endeleg får tid til å sortere i kjøkkenskuffa. Det gjer livet litt lettare etterpå. Og ærleg talt så kunne vi trenge det.

Samstundes fekk vi veldig snart ein prekær økonomisk situasjon på trappene som gjorde at vi måtte permittere ein del etter ei stund. Dialogen rundt dette har vore god men utfordrande. Vi jobbar kontinuerleg med å finne ein god balanse mellom å ivareta dei framtidige prosjekta våre og dei tilsette sin situasjon. Det er ei krevjande øving. Etter tre veker i permittering er vi no der at vi kan fote oss betre i alternativ drift og det gjer at vi kan begynne å treffast for å lage ting att. Det er det generell jubel for, - eg trur alle saknar arbeidet. Og vilja til å jobbe på nye måtar er stor- No jobbar vi mest med å bli gode på smittevernsrutiner så alle kan vere trygge på jobb.

Hvilke varige endringer vil koronakrisen føre til for teateret?

Vi vil utvilsomt vinne mykje terreng med tanke på det digitale. Her har vi kasta oss ut på djupt vatn og mykje kompetanse vert vunne gjennom det. Men så lenge eg er sjef vil det aldri erstatte eit levande møte i vår verksemd. Så snart vi kan, skal vi vere i lag igjen. Når det gjeld drifta vår, møteverksemd og rasjonalisering av reiser trur eg vi har tatt ein bastion for det grønne skiftet som no vart tvinga fram, og som er av det gode. Eg trur at vi og våre tilskotsytarar får mykje å reflektere over med tanke på rapportering og suksesskriterier etter koronatida. Vi har vore veldig oppteken av publikumsvolum. Kanskje må vi no i lang tid framover venne oss til mindre format. Eg kjem til å sakne fullsatte salar men trur at vi kan finne nye teatrale møter og uttrykk i avgrensingane vi no skal jobbe med. Vi kan vinne noko i dei små formata. Desse vinningane trur eg kan utgjere ei god påminning om sjølve grunnfjellet vårt.

Og så trur eg at vi alle kjem til å sette pris på det vi har sakna i denne tida. Det vil seie at vi aldri – ikkje i mi levetid i alle fall – vil ta teateret for gitt.

Følg Det Vestnorske Teateret på Facebook

www.detvestnorsketeateret.no